Attpåklatten Yngve Hallén vart onkel alt som toåring. Han synest presidentvervet òg kjem litt for tidleg.
Publisert: 05.11.2009 kl. 08:26 , endret: 25.01.2010 kl. 09:54
– EG HADDE TENKT TANKEN, seier Yngve Hallén.
– Eg hadde tenkt tanken at før eg fylte 45 skulle eg gjera noko anna. Ein plass mellom 43 og 45, kanskje. No er eg berre 41.
Folk flest hadde ikkje tenkt ein einaste tanke om Yngve Hallén. Kanskje ein og annan oppskrudd saftkokar, unnateke. Kanskje eit par kontraktslause Sogndal-spelarar, unnateke.
Kanskje òg unnateke ein og annan politisk motstandar og ei handfull sambygdingar som kan ha funne grunnar til å ha ei meining om den daglege leiaren i den institusjonen folk flest forbind med Sogndal: Fotballklubben. Klubben som i morgon spelar mot Kongsvinger for å freista og koma attende til eliteserien.
Men folk flest hadde ikkje føresetnader for å knyta Yngve Hallén til vervet som fotballpresident etter avtroppande Sondre Kåfjord. Ja, sjølv langt inn i fotballfamilien ville det vore langt mellom dei som med overtyding peikte på rektorsonen frå Alversund som ein opplagt arvtakar til det høgaste tillitsvervet i norsk fotball. Til det var Yngve Hallén for perifer, for ukjend, for anonym og for lite profilert.
MEN NETTVERKSBYGGINGA i fotballen skjer gjerne i det stille, og sanneleg er det komitear og utval og arbeidsgrupper og tiltak og prosjekt nok å fremja sitt kandidatur gjennom. Medvite eller umedvite, aktivt eller inaktivt.
Vi får tru han på det når Yngve Hallén forsikrar at han ikkje på noko tidspunkt har drive og posisjonert seg, og vi får tru han på det når han hevdar at valkomiteens interesse kom like bardus på han, som offentleggjeringa av hans kandidatur kom på resten av fotballriket. Og når somme skumlar om inhabilitet i valkomiteen, der to av medlemmene kjem frå Sogn og Fjordane, og den eine av dei er sjølvaste høvdingen i Sogndal-fotballen, Rolf Navarsete, så kan vi velja å tru Mr. Sogndal på at han heller hadde sett Mr. Hallén halda fram i kontorstolen ein etasje under Fosshaugane-matta, enn høgt heva over Ullevaal-graset.
No er no katta ute av sekken. Yngve Hallén har tenkt lenge nok til å ha gjort seg opp ei meining om at det er dette han vil, og ein del av riket ser ut til å ha gjort seg opp meiningar sterke nok til å mobilisera mot utkantoppkomlingen, eller i det minste for den avtroppande.
Slik sentralmaktas våpendragarar gjorde då Ingvar Stadheim vart landslagssjef i 1988.
– Til dei vil eg seia at parabolen er komen til Sogndal, kvitterer Yngve Hallén.
DET VAR NETT DÅ STADHEIM vart landslagstrenar at Yngve Hallén kom til Sogndal. Etter varme tilrådingar frå radværingen Jostein Borlaug. Så godt hadde han marknadsført femminuttarssamfunnet i Sogndal, at 20-åringen Hallén vraka både det opphavlege førstevalet, Volda, der faren hadde gått på lærarskule, og det næraste alternativet, Bergen, til fordel for Sogndal. Yngve hadde tenkt å gjera bot. Seks eldre sysken hadde valt bort læraryrket og funne seg anna å gjera. Yngve var den siste som kunne gjera stas på faren ved å velja å gå i hans fotspor. 22. august 1988 var han klar til å byrja på Sogndal lærarhøgskule.
Men dagen før hadde den fotballinteresserte studenten vore på kamp på Fosshaugane og sett Sogndal vinna 3-1 over Lillestrøm. Det var hans første møte med fotballen i bygda, og det tok si tid før han oppdaga at «Djerv nikjan nikjan», som speakeren støtt snakka om, ikkje var eit sært lokalt sognelag, men den dåverande eliteserieklubben frå Haugesund, Djerv 1919.
21 ÅR SEINARE har innflyttaren ikkje berre fått drag på dialekten, men er også blitt mellom dei mest markante personane i lokalsamfunnet. Ikkje utan meiningsmotstandarar, ikkje utan skeptikarar, ikkje utan undervegs å ha blitt offer for både misunning og sladder. Som tidlegare nestleiar i Sogndal Ap, varaordførar i to år og kommunestyrerepresentant i seks, skulle det vel godt gjerast ikkje å vera omstridd, men også som dagleg leiar i Sogndal Fotball sit Yngve Hallén i ein utsett posisjon.
– Eg trur vel ikkje at eg hadde vore ein interessant kandidat til presidentvervet dersom eg ikkje også hadde vist at eg toler å leva med støy. Eg er vaksen nok til å ta det, og eg er den første til å vedgå at eg har trakka feil, seier Yngve Hallén.
Han vart aldri lærar. Sogndal kraup inn i han og endra han. Forma han og gjorde han til den han er. Til og med det politiske verdigrunnlaget sitt vart han seg medviten først etter at han kom til Sogndal.
Det tidlegare Unge Venstre-medlemmen fann ut at vinglepartiet Venstre lente seg for mykje frå sentrum mot høgre i norsk politikk. Sjølv ville han heller lena seg mot venstre. Difor vart det Arbeidarpartiet på Hallén. Og sosialdemokratiske studentorganisasjonar i studietida.
YNGVE HALLÉN VAR SVÆRT AKTIV i studentpolitikken og var i ein periode på byrjinga av 90-talet også heiltids studentpolitikar i Oslo. Der kunne han fått jobb i byråkratiet, men Hallén vraka storbyen og drog heim att til femminuttarssamfunnet.
– Fordi eg fann ut at livet på bygda er meir fargerikt. I Oslo ville eg hatt ei mykje smalare kontaktflate enn her. Juristar, journalistar, politikarar. Eit mykje fattigare liv. Opp om morgonen, lesa avisene og håpa du var sitert. Jobba resten av dagen for å bli sitert. Deretter Ryktebørsen og Tostrupkjelleren. Her i Sogndal er alt sausa saman. Ikkje til noko eller nokon er avstanden meir enn fem minutt.
– Så eg reiste heim att.
Til Aetat og Sogn Etablerarsenter. Til litt journalistjobbing i Sogn Avis og seinare Sogn Dagblad. Til studentarbeid. Berre organisasjonslivet mangla.
Så, på ferja mellom Vangsnes og Hella 18. mars 1995: Hallén hadde vore med Sogndal til Fyllingsdalen og sett laget i treningskamp mot Fyllingen. Som rein tilskodar. Hjelpetrenar på den tida var den tidlegare toppdommaren frå Sandviken, Reidar Bjørnestad.
– HAN KOM BORT og snakka til meg. Meinte eg burde bli med i støtteapparatet rundt Sogndal. Eg takka ja, og slik kom eg inn i klubben, fortel Yngve Hallén.
To år seinare vart han kalla inn på «Vetlakontoret» til Rolf Navarsete på K-senteret i Sogndal. Om han ville bli dagleg leiar i Sognahallen som var under bygging og skulle opna i september året etterpå?
– Etter det sat eg i klisteret, ler Yngve Hallén.
Men det var eit interessant klister, eit retningsgjevande, lagnadstungt klister. Yngve Hallén fortel om ei lærerik tid, ei formande tid. Med fotball og politikk. Med valkamp og kjærleik. For på toppen av alt var det på denne tida han trefte sambuaren sin, Sigrid Bøyum, i samband med eit valkampmøte med Kjell Opseth. Slik vart han reservepappa til Brage (20), og seinare kjødeleg opphav til Fartein (9).
Meir enn han nokon gong lærte då han tok samfunnsfag ved distriktshøgskulen, har Yngve Hallén lært gjennom sine verv i politikken og sine oppgåver knytt til Sogndal Fotball. Om spel og formalitetar, om prosessar og politiske irrgangar, om retorikk og hierarki, om sterke menn og slagkraftige posisjonar, om habilitet og integritet, om trongen til å vera ryddig.
DET ER GRUNN TIL Å TRU at det er denne kombinasjonen av politisk erfaring, administrativ kunnskap og alminneleg leiarskap som har gjort Yngve Hallén til valkomiteens kandidat til vervet som fotballpresident. Det har nok heller ikkje skadd hans kandidatur i ei økonomisk turbulent tid for norsk fotball, at han også representerer noko jordnært og trygt. For sjølv om tala er raude også i Sogndal, kviler det historisk noko grunnleggjande sunt og berekraftig over fotballen i saftbygda. Og slik kan ein med Sogndal-kulturen i seg i det minste tena som eit korrektiv i tider då andre måtte finna det freistande å sleppa alt laus att.
Det er med dette som ballast Yngve Hallén i mars neste år kan bli vald til å vera vegvisar og stifinnar for norsk fotball. Ut av det mange vil karakterisera som ei kaotisk tid. Inn i eit landskap i endring.
I FRIMINUTTA I SKULEGARDEN på Tveiten skule heime i Alversund var Yngve den flinkaste til å spela fotball. Saman med klassekameraten Frode. Så gode var dei at lærarinna diktatorisk bestemte at dei to ikkje kunne spela på same lag. Slik vart det i fire år.
I Sogndal har Yngve Hallén fritt fått spela på lag med nokre av dei mest dugande leiarane i norsk fotball, i ein av dei mest veldrivne klubbane i fotballriket. Ikkje berre har han lært og hausta kunnskap og erfaring, han har bidrege også. Meir enn han har fått kreditt for. Når Yngve og andre kanskje kan ha følt at vel mykje av rosen for banebrytande prosjekt og dristige satsingar har falle på dei mest framståande leiarane, har Rolf Navarsete alltid parert med at «dykkar tid kjem».
Kan hende er det der vi er no. At tida er komen for Yngve Hallén ...
Fakta
Yngve Hallén
Fødd: 14. mars 1968 på Kvinneklinikken i Bergen. Yngstemann og typisk attpåklatt i syskenflokk på sju.
Oppvaksen: I Alvermarka i Lindås.
Sivilstand: Sambuar med Sigrid Bøyum, saman har dei sonen Fartein (9). Stefar til Brage (20).
Bakgrunn: Faren var halvt svensk, fødd i København, mora frå Osterøy. Slektsnamnet kjem frå Arvika ved Karlstad. Slektsgarden på Daltveit på Valestrandsfossen har betydd mykje for han. Her var han ofte saman med mange av sine 34 syskenborn. Også blant dei var Yngve den yngste.
Utdanning: Lærarhøgskulen i Sogndal. Samfunnsfag ved DH i Sogndal.
Stilling: Dagleg leiar i Sogndal Fotball.
Aktuell: Innstilt av valkomiteen i Norges Fotballforbund til ny fotballpresident.
